Fritidsfiske og vassforvaltning

Vassareala i Lesja er store og gjev moglegheit for ei rekkje fritidsaktivitetar, blant anna fritidsfiske, padling med kano og bading. Vassareala er til og med større enn jordbruksområdane i bygda, så tenk over dette nestegong du ser utover hovuddalføret.

I Lesja kommune finst det om lag  230 fiskevatn med tilhøyrande bekkar og elvar. Dei fleste vatna ligg i  statsallmenningane. Eit av dei mest kjende vatna er Lesjaskogsvatnet, som har ei utløpselv i kvar ende. Rauma renn ut i vest, medan Gudbrandsdalslågen renn ut i aust.

Elvane Rauma, Lora og Jora er verna vassdrag. Desse vassdraga er ein del av eit representativt utval av Norges vassdragsnatur og er difor verna. Dette er i første omgang et vern mot kraftutbygging.

Det største vatnet i Lesja er Aursjøen. Dette er eit oppdemt vatn som er om lag  30 km langt. Vatnet utgjer hovudmagasinet til Aura kraftverk. Tidlegare var det tre vatn der Aursjøen no ligg. Gautsjøen, Grynningen og Aursjøen. Ved låge vasstandar kan ein få ein idé om korleis det tidlegare såg ut der.

Eit av dei mest interessante vatna i bygda heiter Skåpårtjønn. Når det er turt og låge vasstandar andre stadar i bygda, er vasstanden på sitt høgaste i Skåpårtjønn.  Motsett så er  vasstanden i Skåpårtjønn på sitt lågaste når det er høge vasstandar elles i bygda.

Fiskesamfunn

Fiskesamfunna i Lesja er artsfattige  og består av artane aure, røye, harr og ørekyt. Desse artane trivst i det næringsfattige og kalde vatnet i Lesja sine vassdrag og fjellvatn. I dei fleste fjellvatna finst berre aure. I tillegg seiast det at arten Karuss framleis lev i Karusstjønn på Lesjaverk.

 

Aure og røye vandra inn i Noreg etter siste istid og koloniserte vassdrag langs kysten. Desse artane kom via havet, sidan dei tåla saltvatn. Artane harr og ørekyt kom til Noreg  austfrå noko seinare. Den gongen var vatnet i Østersjøen ferskvann, og Glomma drenerte til Vänern i Sverige. Det er lite truleg at nokon av artane ein finn i Lesja har vandra hit naturleg. Harpefossen har vore vandringshinder, og ein antek at  alle fiskeartane ein finn i Lesja er bore over denne. Difor kan all fisk i Lesja klassifiserast som innført. Slik bæring av vill fisk over ulike vandringshinder i Noreg har truleg pågått i fleire tusen år, og produksjon av settefisk blei starta tidleg på 1800-talet.

 

Aure

Ørret er en ønsket art i Lesja, og utsetting skjer fortsatt i innsjøer som har eller har hatt ørret. Ein kan nevne at aure er klassifisert blant dei hundre verste artene i verden når det gjeld evnen til å etablere seg i nye områder og påvirke opprinnelige arter negativt.

 

Røye

Frå 1920-talet vart røye sett ut i Sjongsvatnet, Flisarvatnet og Grisungvatni i Lesja. Den fins også i andre vatn.

 

Harr

Rundt 1890 ble harr fra Lågen ble introdusert til Lesjaskogsvatnet. Deretter ble harr fra Lesjaskogsvatnet båret til Hårrtjønn (Vangstjønn) og Øvre Mærrabottvatn i 1910. Fra disse vannene spredte den seg videre til Aursjøen i Lesja i 1920-årene. Harren er ikkje ein like populær mat-fisk blant lokalbefolkningen som det aure og røye er. Høyrt av ein fiskeforskar «en ting jeg har lært om Lesjingene er at de hater harr».

 

Fritidsfiske

Lesja er delt opp i tre fiskesoner, der fiskerettane blir forvalta av Lesjaskogsvatnet fiskeforening, Lesja fjellstyre og A/L Lågen fiskeelv.

Lesjaskogsvatnet fiskeforening:        Gjelder for Lesjaskogsvatnet med Lågen ned til den gamle sognegrensen, Rauma ned til fylkesgrensen og alle vatn og elver innafor grensene til Lesjaskog Heimrast.

Lesja fjellstyre:                                   Lordalen statsallmenning og Dalsida statsallmenning

A/L Lågen fiskeelv                            Lågen i Lesja kommune (sone 7) til utløp av Skråkka (ca 7 km sør for Lesjaskogsvatnet). Omfattar og nedre del av Lora elv.

Via lenka «inatur.no» kan du finne fiskereglane og kjøpe fiskekort for alle områda.

 

Hjelp oss å hindre spreiing av sjukdom og parasittar!

Vassdraga i innlandet har tidligare vore lite belasta av fiskesjukdommar og parasittar, men det har i seinare tid blitt oppdaga fleir sjukdomstilfelle. Dersom  det overføras smitte til eit friskt vassdrag har en ingen muligheit til å fjerne sjukdommen fullstendig.

Trusselen for sjukdom er alvorleg for våre fiskebestandar og andre ferskvassorganismar. I elva Rauma er det påvist smitte av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Mange elvar i Lesja kommune bidreg med vatn til dette vassdraget. På grunn av denne nærleiken til infisert elv er det viktig at krav om desinfisering av utstyr overhaldas.

NB! All transport av vann og fisk mellom vassdrag fører til risiko for smitte.

Meld frå til Mattilsynet dersom du oppdagar sjuk eller daud fisk.

 

Desinfisering av utstyr

Fiskeutstyr, båter og andre gjenstander som er brukt i et vassdrag, skal tørkes fullstendig eller desinfiseres før de flyttes til andre vassdrag eller til andre deler av samme vassdrag.

Desinfiseringsmetodar:

  • Tørk ved minimum 20°C i minst to dagar
  • Tørk ved minimum 60°C i minst ein time
  • Dypfrys i minst ein dag
  • Desinfiseringsmiddel (Virkon-S eller klor-løysing). Spray på utstyr. Skyll etter 15 min.

 

Tekstboks: Desinfisering av utstyrFiskeutstyr, båter og andre gjenstander som er brukt i et vassdrag, skal tørkes fullstendig eller desinfiseres før de flyttes til andre vassdrag eller til andre deler av samme vassdrag.Desinfiseringsmetodar:ü	Tørk ved minimum 20°C i minst to dagarü	Tørk ved minimum 60°C i minst ein timeü	Dypfrys i minst ein dagü	Desinfiseringsmiddel (Virkon-S eller klor-løysing). Spray på utstyr. Skyll etter 15 min.

Artikkelliste

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800