Natur- og kulturstigar

Natur- og kulturstigen på Dalsida går gjennom fjellskog, forbi kleberberg og gamle seterhus, langs vatn og elver. 28 postar fortel om korleis menneske og dyr har levd i samspel med omgjevnadene her. Runda startar ved Nysetre og er 10 km.

Kulturstigen på Lesjaverk er ei 1,5 km lang runde i det vakre området ved Lågen, Lesjaverk gard og Lesjaverk kyrkje. Postane informerer om jernverket som låg her (1659–1812) og ulike spor etter drifta. Masomnen frå 1757 er den einaste i landet frå denne epoken. 

Kulturstigen i Gruvlie går forbi dei største gruvene som leverte malm til Lesja jernverk. Den 8 km lange runda gjev deg kunnskapar om gruvedrift og ei flott naturoppleving. Avkøyring 5 km vest for Lesjaverk.