Stråling

Mattilsynet målar cesium-nivået i sau og i beiteområdane. Nedfall frå Tjernobylulykka fører fortsatt til nedfôring av dyr når målingane viser for høge verdiar. Meir informasjon om temaet finn du via lenka «Radioaktivitet i utmarksbeitende dyr».

 

Omtrent halvparten av den totale stråledosa ein gjennomsnittsnordmann utsettas for kjem frå radon. I følgje Verdens helseorganisasjon (WHO) er radon den nest viktigaste årsaken (etter aktiv røyking) til utvikling av lungekreft. Dersom du røykar, eller tidlegare har røyka aktivt, er risikoen for lungekreft forårsaka av radon høgast.

 

Radon siv inn gjennom grunnen huset er bygd på. Dei husa som er mest utsett for forhøga radon-nivå er dei som er bygd i område med store førekomstar av alunskifer eller uranrike bergartar, i kombinasjon med lausmassar eller morenegrunn.  

 

Statens strålevern kan ikkje utifrå dei opplysningane dei har om geologiske forhold i Lesja kommune seie noko om kvar det er størst sannsynlegheit for forhøga radonkonsentrasjonar. I 2000/2001 blei det føreteke ein radonkartlegging i Lesja kommune, der målingar frå 74 husstandar vart analysert. Gjennomsnittleg radonkonsentrasjon i Lesja kommune er berekna til 74 Bq/m3 i denne undersøkinga.  Årsgjennomsnittet (målt i 2014) for dei kommunale bygga i Lesja ligg på 66 Bq/m3. Landsgjennomsnittet er på ca. 90 Bq/m3. Ein antek difor at Lesja kommune har eit avgrensa radonproblem.

 

Radon-nivået kan ein enkelt måle sjølv. Les meir om dette via lenka «radon».

Kontakt

Harald Aulie
Landbruksveileder
Telefon 911 35 419
Mobil 911 35 419
Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800