Forureining

Forurensningsmyndigheten er delt mellom Statens forurensningstilsyn, Fylkesmannen og kommunen. Kommunen har i hovudsak oppgåver  innan avløp, avfall og akutt forureining.

Kommunen har ein rekkje pliktar, til dømes plikt til:

  •  innsamling av forbruksavfall
  •  plikt til å ha tilstrekkeleg beredskap mot akutt forureining.
  •  treffe vedtak i medhald av lova, f.eks pålegg om opprydding av avfall.

Alle har ein plikt til å unngå forureining, dette slår forureiningslova fast (§7). Ved forureining må den ansvarlege sette i gang tiltak for å hindre eller avbøte skader frå forureininga. Dersom ein forureinar er ein også økonomisk ansvarleg for skadar forårsaka av forureininga. Den kommunale beredskapen skal hindre, oppdage, stanse, fjerne og avgrense verknaden av mindre tilfelle av akutt forureining, som kan inntreffe eller medføre skadeverknad på miljøet innan kommunen eller beredskapsregionen, og som ikkje er dekka av privat beredskap.

Kommunen har også andre oppgåver innan forureining som:

  • Avfall
  • Avløp
  • Beredskap mot akutt forureining
  • Forureina grunn i byggje og gravesaker
  • Klima
  • Lokal luftforureining
  • Radon
  • Støy
  • Forureining i arealplanlegging
  • Forureining i landbruket

Arbeidsfeltet er dermed stort, og det er mange i kommunen som har oppgåver innan dette feltet. Kontakt sentralbordet på tlf. 612 44 100 eller direkte for å bli satt over til riktig saksbehandlar/person.

Artikkelliste

Kontakt

Harald Aulie
Landbruksveileder
Telefon 911 35 419
Mobil 911 35 419
Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800