Landbruksvegar

Løyve til nybygging og ombygging av landbruksvegar er søknadspliktig og må godkjennast av kommunen før bygging. Dette er heimla i skogbrukslova og jordlova, og blir handsama gjennom forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Det kan og søkjast om tilskot til bygging/ombygging av landbruksveg, vel og merke etter at godkjenning føreligg.

Les meir om landbruksvegar her, https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/infrastruktur/landbruksveier

Kontakt

Kim Berget
Skogbrukskonsulent
Telefon 61 24 41 45
Mobil 951 89 558