Kyrkjene i Lesja

Gudstenester 

Sjå også Lesjakyrkjene si eiga heimeside: www.kirken.no/Lesja

Lesja kyrkje

 

Benedikte Skarvik

Lesja kyrkje ligg i Lesja og Lesjaskog sokn i Lesja kommune. Den er bygd i tre og blei oppført i 1749, har korsplan og 300 sitteplassar. Kyrkja har vernestatus automatisk listeført (1650-1850). Arkitekt: Ola Frekson Hole. 

 

Kyrkja er ei lafta tømmerkyrkje med utvendig panel. Over korsmidten er eit tårn med høg spiss tårnhette. Koret er i korsarma mot aust.

 

 

Benedikte Skarvik

Altertavla er rekna blant meisterverka i norsk kyrkje- og treskjerarkunst. Tavla er laga av den kjende treskjæraren Jakob B. Klukstad. Krillskurden kring figurane er av det frodigaste i sitt slag. Tidleg på 1900-talet vart mykje av det originale interiøret øydelagt. I samband med restaurering av kyrkja i 1925-32 fekk den lokale målaren Ragnvald Einbu oppdraget med å dekorere kyrkja. 

Kyrkjerommet er gjennomdekorert med malte benkevangar og galleribrystning, marmorering på veggane og takmaleri. Kyrkja fekk nye lukka benkar med fyllingar, dekorerte med bladrankar, fuglar og fabeldyr. Midtrommet har eit hvelv med fire skråstilte felt som er dekorerte med motiv av Jesu dåp, Flukten til Egypt, Hyrdene på marken og Vandringen til Emmaues. Døpefonten er truleg frå 1700-tallet med seks dekorerte speilflater knytta til dåpen og dekorert med englehovud på hjørna.

Det kanskje mest iøynefallande i rommet er altertavla og preikestolen. Dei er rikt utskårne med akantus av Jakob B. Klukstad. Preikestolen blei skåren i 1745 til den forrige kyrkja på staden. Den stod truleg umåla til 1783, da sonen til Klukstad måla den. Altertavla stod truleg ferdig først i 1766. Den har utskåren nattverdscene i midtfeltet, omkransa av Moses og Aron. Over er dei fire evangelistar omkransa av scener frå Getsemane og bespottelsen. På toppen er kalvariescena, og oppstoda. Innramminga er i gjennombroten akantus. Klukstad og hjelparen Sylfest Skrinde stod også for utskjeringa på korskillet med Fredrik 5.s kongemonogram halden oppe av to løver.

Lesjaverk kyrkje

 

Norske kirker

Lesjaverk kyrkje ligg i Lesja og Lesjaskog sokn i Lesja kommune. Den er bygd i tre og blei oppført i 1964. Kyrkja har rektangelplan og 120 sitteplassar. Arkitekt: Nissen og Brynning / Åsmund Nyrnes.

 

Lesjaverk kirke er ei lita langkyrkje i lafta tømmer med takrytter i vestenden.

 

Interiøret er gjennomført og godt bevart frå byggetida. Veggane har umalt tømmer og utanom benkane er det meste av interiøret umåla. Altertavla, preikestolen og døpefonten er i tre og er laga av den lokale treskjæraren Otto Sveen. Altertavla har ein Kristusfigur plassert i ein rektangulær nisje med utskåren dekor. Preikestolen har utskårne figurrelieff på tre av sidene.

Lesjaskog kyrkje

 

www.lokalhistoriewiki.no

Lesjaskog kyrkje ligg i Lesja og Lesjaskog sokn i Lesja kommune. Den er bygd i tre og blei oppført i 1697. Kyrkja har langplan og 250 sitteplassar. Kyrkja har vernestatus automatisk listeført (1650-1850). 

 

Lesjaskog kyrkje låg opprinneleg ved Lesja jernverk. I 1855 blei den flytta til der den ligg i dag. Kyrkja har eit rektangulært skip og eit smalare og lavare kor. I vest er det eit våpenhus i to etasjar med ein takryttar. Nord for koret er det eit sakristi.

Interiøret er i hovudsak bevart frå byggetida med lukka benkar, preikestolen, altertavla, døpefonten og korskillet. I koråpninga er Christan 5.s kongemonogram, og over korbuen ei kalvariegruppe. Under galleriet i vest er benkane lukka med veggar av dreide spiler, dei var reservert eigarane av Lesja verk. Altertavla skal vere skåren av Lucas Nilsen Gram i 1697. I hovedfeltet er Nattverden og Oppstandelsen malt i to etasjar, omkransa av bibelske figurar. Vingane er rikt dekorert i bruskbarokk. Preikestolen heng på sørsida av koråpninga og er delvis rekonstruert. Den har apostelfigurar i høgt relieff i fyllingane, skild av med dreide balustre på kvart hjørne. Dei upanelte tømmerveggane blei malt i 1855, samtidig med at vindauga blei utvida og veggane forhøya. I 1910 fekk kyrkja nytt vestgalleri.

Kontakt

Torunn Skotte Stavheim
Kyrkjeverje
Mobil 918 52 144
Magnus Halle
Sokneprest
Mobil 918 54 275