Sjølvhjelpspakke økonomisk rådgjeving

Kva kan du sjølv gjere om du er i ferd med eller har mista kontrollen over eigen økonomi? Under finn du nokre punkt som kan vere til hjelp for kva du kan gjere.

1. Skaff deg oversikt over dine inntekter og utgifter

Det første du må gjere er å skaffe deg oversikt over dine inntekter og utgifter.

Når du har fått ei førebels oversikt, kan du kontakte økonomirådstelefonen i NAV for råd og rettleiing.

 

2. Ring 800GJELD - økonomirådstelefonen i NAV

800GJELD er det same som 800 45 353, det vil si at tastaturbokstavane G-J-E-L-D samsvarar med tala 45 353 på telefonen.

Det er viktig å ta tak i økonomiske problem så raskt som råd. Økonomirådstelefonen kan gje deg råd og rettleiing om kva du kan gjere i di spesifikke sak. Rådgjevarane driv ikkje saksbehandling, men gir deg enkle råd om kva du sjølv kan gjere for å løyse opp i situasjonen. Om du har økonomiske problem av meir kompleks art og treng meir hjelp, loser rådgjevarane deg til rett instans.

Du kan vere anonym som innringar om du ønskjer det. Tenesten er gratis frå fasttelefon. Bruker du mobiltelefon og har kontantkort vil rådgjevarane tilby å ringe deg tilbake.

For meir informasjon kan du sjå NAV sine nettsider.

 

3. Ta kontakt med dine kreditorer

For å få opplysninger om gjelda di, samt eventuelt søkje om betalingsutsettelse, kan du ta kontakt med kreditorane dine, anten pr. tlf. eller brev/e -post. Om du ikkje har oversikt over uteståande gjeld, kan du be om å få tilsendt ei spesifisert oversikt over gjelda.

Etter det kan du be om betalingsutsettelse for å få tid til å utarbeide ei oversikt og forslag til løysing.

 

4. Søknad om betalingsutsettelse

Når du har fått oversikt over gjelda di og budsjettet ditt viser at du ikkje har økonomiske midler til å betjene den, kan du søkje om betalingsutsettelse.

Når du har funne riktig sats for livsopphald i forhold til storleik på husstanden din, blir husleige og sats for livsopphald trekt frå di netto inntekt. Overskotet kan nyttast til å betale gjeld.

Om utrekninga viser at du ikkje har nok økonomiske midler til å betale ned på gjelda, kan du søkje om betalingsutsettelse.

Det er viktig at du får med alle opplysningar om familiesituasjon, sivil status, antall familiemedlem og alder på barna. Vidare er det viktig at du grunngjer søknaden og legg ved dokumentasjon på dine inntekter og utgifter. Beskriv forhold som kan ha innvirkning på din økonomiske situasjon. Dette kan vere behandling, oppstart i nytt arbeidsforhold eller på kurs etc.

Hugs at alle argument du nyttar i søknaden må dokumenterast!

Har du for lav inntekt til å betale ned på gjelda, vil som oftest kreditorane gje deg betalingsutsettelse. Dei vil kanskje krevje at du skriv under eit gjeldsbrev på det skyldige beløpet. Dette blir gjort for å sikre at gjelda ikkje skal bli forelda.

Det er ikkje alle kreditorer som gir rentefritak i den perioden du har fått betalingsutsettelse. Det kan derimot vere mogleg å forhandle om renta når det ligg føre ei løsning.

 

5. Stopp/reduksjon av påleggs-/utleggstrekk i inntekt

Jf dekningslova kan du få krav om påleggs- eller utleggstrekk på inntekta di. Dei instansene som kan leggje inn trekk er:

  • NAV Innkreving (krev inn bidragsgjeld, feilutbetalte trygdeytingar etc.)
  • Statens Innkrevingssentral (krev inn bøter, erstatningskrav, årsavgift på bil, NRK–lisens, studielån etc.) 
  • Kemner (krev inn ubetalt skatt, moms, parkeringsbøter etc.)
  • Namsmann/Namsfogd (krev inn inkassokrav).

Om du har fått ilagt trekk i inntekta di, er det viktig at du sett opp eit budsjett over dine inntekter og buutgifter (sjå eksempel på budsjettskjema som vedlegg 1).

Ei oversikt over gjeldande satsar for livsopphald og satser for samvær finn du på denne lenka.

Du skal, jf. dekningsloven, ha penger til nødvendig livsopphald (både for deg sjølv og personar du har forsørgeransvar for) og rimelege buutgifter.

Om det du får utbetalt, minus buutgifter, er lågare enn dei gjeldande satsane for livsopphald, kan du søkje om å få redusert/stoppa trekket

Det er viktig at du legg ved dokumentasjon på inntekter, buutgifter samt eventuelt forsørgeransvar eller samvær med barn og andre nødvendige utgifter til livsopphald (behov for bil, auka utgifter til medisin, behandling etc.).

Om det blir søkt om stopp/reduksjon av bidragstrekk ilagt av NAV Innkreving er det viktig at det også blir søkt om endring av fastsetting av bidrag. Dette kan du gjere ved å nytte:

Sjå meir om skjema og utfylling på www.nav.no.

 

Nedanfor finn du namn og adresse til etatar som kan ha bestemt at det skal vere trekk i inntekta di:

  • NAV Innkreving, 9917 Kirkenes
  • Statens innkrevingssentral, PB 455, 8601 Mo i Rana
  • Skatteoppkrevjaren i Ottadalen, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå

 

6. Opphøyr av trekk frå bankkonto

Om banken har gjort eit trekk frå kontoen din som følgje av overtrekk eller misleghald og gjenståande beløp på konto ikkje er nok til å dekkje utgifter til husleige og livsopphald, jf. vedlegg 4, så kan du med medhald i dekningsloven § 2 – 5, søkje om å få tilbakeført beløpet på konto.

 

7. Budsjett

Det er viktig at du har oversikt over dine inntekter og utgifter. Du bør kvar månad sette av pengar på ein eigen konto til faste utgifter, også for dei utgiftene som forfell kvartalsvis eller i halvåret. Eksempel på dette kan vere utgifter til straum, NRK-lisens, kommunale avgifter, forsikring etc. Vidare bør du og sette av pengar til uføresette utgifter som kan dukke opp.

Dei fleste kreditorar tilbyr t.d. månadleg betaling gjennom autogiro.

Statens institutt for forbruksforskning, SIFO, har sett opp eit standardbudsjett. 

SIFO-satsane varierer noko frå dei satsane som namsmenn nyttar i sine utleggssakar.

 

8. Nyttige nettsider

 

9. Gjeldsrådgiving i NAV

Om denne sjølvhjelpspakka eller den rettleiinga som er gitt frå NAV sin økonomirådstelefon ikkje har gitt deg den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor for samtale med rettleiar/gjeldsrådgjevar.

Det kan vere ventetid på timeavtale med gjeldsrådgjevar. Eit råd er difor å søkje om betalingsutsettelse og rentefritak hos kreditorane i påvente av samtale med rettleiar/gjeldsrådgjevar.

Grunngje dette med at du ventar på timeavtale hos gjeldsrådgjevar i NAV.

Nedanfor finn du ei oversikt som viser kva du kan forvente av gjeldsrådgjevartenesten, samt kva som er forventa av deg som brukar av tenesten.

Kva kan du vente av gjeldsrådgjevar

  • Råd og rettleiing rundt din økonomiske situasjon
  • Råd om kva gjeldspostar som må betalast først og sist. Bistand til kontakt med nams- og særnamsmyndigheit
  • Gjeldsrådgjevar skal opptre nøytralt mellom deg og kreditorane
  • Om gjeldsrådgjevar ser grunnlag for det, kan det gis praktisk bistand til forhandlingar med dine kreditorar
  • Om dine problem har sider som gjeldsrådgjevar ikkje kan bistå med, skal denne så langt som råd henvise til andre instansar som kan gje den hjelpa som trengst
  • Når gjeldsrådgjevar meiner at det ikkje er meir å gjere i saka, skal alle papir som er motteke i samband med gjeldsrådgjevararbeidet arkiverast eller makulerast
  • Gjeldsrådgjevar overtek ikkje noko ansvar for nokon av dine økonomiske forhold

Kva er venta av deg

  • Alle opplysningar om inntekt, utgifter, formue og gjeld skal leggjast fram
  • Endring i økonomiske forhold som nemnt over, må gis til gjeldsrådgjevar straks
  • Gjeldsrådgjevar forheld seg ikkje til søknadar om økonomisk sosialhjelp, korkje i form av lån eller bidrag 
  • Om gjeldsrådgjevar skal kontakte nokon på vegne av deg, godtek du at alle kreditorar i utgangspunktet må behandlast likt og bli gitt lik informasjon 
  • Gjeldsrådgjevar kan avslutte saken om du held attende opplysningar eller ikkje viser vilje til samarbeid 
  • Brev som blir sendt til deg frå gjeldsrådgjevar og som kjem i retur, vil bli makulert
  • Gjeldsrådgjevar overtek ikkje noko ansvar for nokon av dine økonomiske forhold

Økonomi- og gjeldsrådgjeving er ein vedtakspliktig teneste, noko som betyr at du må søkje om denne tenesten. Dette kan du gjere på eige søknadsskjema; Søknad om økonomisk sosialhjelp.

Hugs å legge ved oversikt over inntekter og utgifter, gjeldsforpliktelser og siste års likning.

 

10. Skjema som er referert til i denne sjølvhjelpspakka

  • Vedlegg 1: Budsjettskjema
  • Vedlegg 2: Oversiktsskjema over regninger til betaling
  • Vedlegg 3: Mal, brev til kreditor for opplysning om gjeld
  • Vedlegg 4: Mal, brev søknad om betalingsutsettelse
  • Vedlegg 5: Mal, brev klage på utleggsforretning avholdt med trekk
  • Vedlagg 6: Mal, brev urettmessig banktrekk

 

Du er no godt i gang med å få kontroll og finne ei løysing på dine gjeldsproblem.