Husstanden må vere registrert i folkeregisteret som busett i bustaden ein søker støtte for pr. den 1. kvar månad (situasjonsdato).
Bustaden må vere godkjent som heilårsbustad. I tillegg må det vere ein sjølvstendig bustad med bad/toalett, kjøkenfunksjon og eigen inngang.
Du søker om bustøtte elektronisk på Husbanken sin heimeside - https://husbanken.no/person/bostotte/
Kan du ikkje søke elektronisk, må du fylle ut papirskjemaet som du finn på nettsida til Husbanken, skrive det ut og sende til NAV Lesja- Dovre. Du kan ikkje sende skjemaet på e-post.
Du finn meir på https://husbanken.no/
Viktig å vite:
- Søknadsfristen er 25. hver måned.
- Du får svar innen 20. neste måned.
- Får du bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad dersom det ikke har skjedd endringar.
Meir informasjon om bustønad finn du på heimesida til Husbanken eller ved å vende deg til NAV Lesja - Dovre:
Telefon: 5555 3333.
Besøksadresse: Dombås senter, 3 etasje, 2660 Dombås.
Postadresse: NAV Lesja- Dovre, Pb. 100, 2659 Dombås.