Miljøarbeidartenesta i Lesja

Miljøarbeidartenesta i Lesja tilbyr primært tenester til menneske med utviklingshemming, men også til andre med samansette og varige hjelepebehov. Tenesta har eit butilbod og eit dagsenter med aktivitetstilbod. 

Skoglund bufellesskap består av to bygningar. Den eine har fem leiligheiter og fellesareal i tillegg, medan den andre består av tre leiligheiter. 

Lesjaskog Dagsenter har arbeids- og aktivitetstilbod. Det ligg i gangavstand frå bufelleskapet og gir tenester innan arbeid og aktivisering. Alle oppgåver vert lagt opp etter den enkelte sine foresetnader og interesser. 

 

Leiar for Miljøarbeidartenesta er lokalisert på Skoglund. 

Kontakt

Miljøarbeidartenesta og Skoglund bufelleskap
Telefon 910 01 421
Lesjaskog Dagsenter
Telefon 469 49 018
Anne Marie Bryggen
Leiar Mijløarbeidartenesta
Telefon 905 91 173
Mobil 905 91 173