Jordmortenesta

Gravide kan sjølv velje om dei vil gå til lege, jordmor, eller en kombinasjon.

Nasjonale retningslinjer for svangerskapsomsorg anbefaler første konsultasjon rundt svangerskapsveke 6-12. Oppfølginga i svangerskapet er gratis.

Time kan bestillast direkte hjå jordmor tlf. 958 82 150 eller 61 24 42 08, eller bestillas gjennom Lesja legekontor tlf. 61 24 42 00.

Jordmorvakt på Otta er eit døgnope tilbod til gravide, fødande, barselkvinner og nyfødde. Tlf. 941 59 061.

Både jordmor og lege tilbyr henvisning til rutine ultralydundersøkelse mellom veke 18-20. Nasjonale retningslinjer anbefaler vidare svangerskapskonsultasjonar rundt veke 24, 28, 32, 36, 38 og 40. Jordmor kan bidra med tilrettelegging av arbeidssituasjonen din under svangerskapet og kan søke om svangerskapspengar ved behov.

  • Jordmortenesta tilbyr deg omsorg basert  på tilgjenge, medbestemming og respekt.

 

Konsultasjonar omfattar:

  • Helseundersøking
  • Prøvetaking
  • Samtalar
  • Informasjon/undervisning/helserådgjeving

 

Tema:

  • Levevaner og livsvilkår som fysisk aktivitet, kosthold, legemidler, alkohol og rus, psykisk helse, vold og overgrep, arbeid og miljø
  • Farskapserklæring
  • Fosteraktivitet
  • Amming, evn morsmjølktillegg
  • Mestring og førebuing til fødsel
  • Foreldrerolla
  • Informasjon om rutinar ved føde- og barselavdelinga
  • Barseltid i sjukehus og heime
  • Tilbod om heimebesøk til kvinner som har fødd

 

Jordmor kan henvise til:

  • Ultralyd
  • Gynekolog/Fødepoliklinikk
  • Genetisk rettleiing

 

Jordmor samarbeider med:

  • Helsesjukepleiar
  • Legekontor
  • Spesialisthelsetenesta
  • Fysioterapeut

Artikkelliste

Kontakt

Anne Marie Berstad
Jordmor/Spesialsykepleier
Mobil 958 82 150