Tiltak

Barneverntenesta i Lesja ønsker å ha tiltak som bidreg til å styrke foreldra si evne til å gi god omsorg. Tiltaka som barneverntenesta sett inn skal verte valt ut frå kva barnet treng, og korleis ein trur ein kan løyse situasjonen best i høve til den enkelte. Ulike problemområde kan vere samspelvanskar og åtferdsvanskar.

Både foreldre og barn kan få råd og rettleiing frå den kommunale barneverntenesta eller frå andre. Nokre tiltak står kommuna for sjølv, medan andre tenester får ein til dømes frå Bufetat (statleg barnevern) eller familievernkontoret. Det kan vere foreldrerettleiing Multisystemisk terapi (MST) eller foreldrerettleiing i samspel og tilknytting (ICDP).