Utlysning - Rektor Lesja skule

Fast 100 % stilling frå 01.08.2026 

 

🏫 Ein skule med ambisjonar 

Lesja kommune ligg lengst nord i Gudbrandsdalen, omgitt av fjell, natur og eit rikt friluftsliv. Kommunen satsar aktivt på næringsutvikling og tilflytting, og gjennom Levande Lesja er det etablert eit miljø for skaparkraft og utvikling. Vi har gode bustadtilbod, attraktive tomter og sterke resultat både i barnehage og skule. 

Lesja skule er ein fulldelt barne- og ungdomsskule med ca. 160 elevar, moderne fasilitetar som musikkrom, sløydsal, husstellrom, bibliotek, idrettshall og symjehall – og eit engasjert personale med høg fagleg kompetanse. Hos oss skal elevar oppleve meistring, progresjon, inkludering og eit trygt fellesskap der alle kjenner seg verdsett. 

Vi søkjer ein strategisk, tydeleg og varm leiar som ønskjer å utvikle ein skule for framtida og skape ein kvardag prega av trivsel, læringsglede og utvikling. 

 

🎯 Hovudarbeidsoppgåver 

Fagleg, pedagogisk og administrativ leiing av skulen 

Personalansvar for skule, SFO og symjehall 

Budsjett-, rekneskaps- og rapporteringsansvar 

Plan- og utviklingsarbeid med vekt på læring, resultat og sosial utvikling 

Vidareutvikle skulen som lærande organisasjon og styrke ein positiv skulekultur 

Ivareta eit godt skule–heim-samarbeid 

Tverrfagleg samarbeid med PPT, barnevern, helsestasjon og kommunens løysingsforum 

Samarbeid med barnehagane og kommunens andre skule 

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga 

 

🎓 Kvalifikasjonar 

Godkjent pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket 

Ønskeleg med rektorerfaring og/eller skuleleiarutdanning 

God system- og rolleforståing 

Kunnskap om læreplanverk og gjeldande regelverk for grunnskulen 

God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammer 

 

🌟 Personlege eigenskapar 

Strategisk og systematisk, med evne til å skape gode strukturar og rutinar 

Relasjonsbyggjar som ser elevar, tilsette og føresette 

Evne til å prioritere og handtere komplekse utfordringar 

Motiverande, engasjerande og utviklingsorientert leiarstil 

Evne til å jobbe sjølvstendig, effektivt og langsiktig 

Endringsvilje og framtidsretta tankesett 

Personleg eigna vil bli vektlagt 

 

🎁 Vi tilbyr 

Ei spennande og utviklande leiarstilling 

Engasjert, raust og dyktig personale 

Gode rammevilkår og eit skulemiljø prega av trivsel og ambisjonar 

Kommunale vilkår, gode forsikrings- og pensjonsordningar (SPK) 

Løn etter avtale 

 

📞 Kontaktinformasjon 

Elisabeth Nerli, kommunalsjef helse og oppvekst – 📱 928 02 537 

Dagfinn Rognerud, HR-rådgivar – 📱 404 13 600 

 

📝 Korleis søkje? 

Send søknad elektronisk via lenka i utlysninga på www.lesja.kommune.no. Søknadar som ikkje blir sendt via elektronisk skjema blir ikkje vurdert. 

Søknadsfrist: 29.03.2026 

Den som blir tilsett må levere godkjent politiattest før oppstart. Opplysningar om søkar kan bli offentlege sjølv ved ønske om unntak (Offl. § 25). 

 

 Søknadspapir blir ikkje returnert.