Utlysning - Barnevernsleiar – fast 100 %

Fra: 01.04.2026  
Lesja/Dovre barnevernsteneste 

🌄 Tenk deg ein kommune omgitt av fantastiske fjell og store friluftsmoglegheiter! 
Lesja kommune ligg lengst nord i Gudbrandsdalen, med kort veg til kultur, idrett, jakt og fiske. Kommunen satsar på næringsutvikling og tilflytting, og gjennom Levande Lesja er det skapt ein arena for utvikling og skapartrong. Gode bustadtilbod og sterke resultat i barnehage og skule gjer Lesja til ein attraktiv stad å bu og arbeide. 

🏢 Om barnevernstenesta 

Barnevernstenesta i Lesja og Dovre er ei interkommunal teneste der Lesja er vertskommune. 
Tjenesta held til i nye, moderne lokale i Lesja kommunehus, og har i tillegg kontor- og møteromsfasilitetar på Helsehuset på Dombås. 
Tjenesta har om lag 7 årsverk. 
Kommunalsjef helse og oppvekst er næraste overordna for barnevernsleiar. 

Vi søkjer ein tydeleg, fagleg sterk og samlande leiar som skapar engasjement og tryggleik i avdelinga, og som står godt i krevjande situasjonar. 

 

🎯 Hovudarbeidsoppgåver 

Personal-, fag- og økonomiansvar 

Leiaransvar med oppfølging og rettleiing av medarbeidarar 

Vedtaksmyndigheit innan barnevernsområdet 

Sikre at tenesta oppfyller alle lov- og forskriftskrav 

Kvalitetssikring og internkontroll 

HMS-ansvar for avdelinga 

Rapportering og statistikk 

Fagleg utviklingsarbeid 

 

🎓 Ønskte kvalifikasjonar 

Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, primært barnevernspedagog eller sosionom 

Erfaring frå arbeid i barnevernet 

God kjennskap til lovverk og retningslinjer på barnevernsfeltet 

Relevant vidareutdanning innan barnevern, administrasjon og/eller leiing er ein fordel 

Leiarerfaring 

Kompetanse på kommunal økonomi 

Førarkort klasse B 

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt 

Tenesta disponerer kommunale bilar. 
Noko reiseverksemd og ettermiddag-/kveldsarbeid må påreknast. 

 

🌟 Personlege eigenskapar 

Vi søkjer ein leiar som er: 

Trygg og tydeleg i kommunikasjon og leiarrolle 

Strukturert, fleksibel og med god relasjonskompetanse 

Raus i møte med barn og foreldre 

Serviceinnstilt og god til å sjå både eigne og andres styrkar 

God skriftleg og munnleg formidlar 

Resultatretta, ansvarleg og fagleg engasjert 

 

🎁 Vi tilbyr 

Ei meiningsfull og utfordrande leiarstilling innan eit viktig samfunnsområde 

Moglegheit til å påverke utviklinga av organisasjonen og tenestene 

Ei barnevernsteneste med dyktige og dedikerte medarbeidarar 

Gode utviklingsmoglegheiter 

Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Løn etter avtale 

 

📞 Kontaktinformasjon 

Tone Merete Kirkestuen, vikarierande leiar Lesja og Dovre barnevern 
📱 990 98 781 

Elisabeth Nerli, kommunalsjef helse og oppvekst 
📱 928 02 537 

Dagfinn Rognerud, HR-rådgivar 
📱 404 13 600 

 

📝 Korleis søkje? 

Send søknad elektronisk via www.lesja.kommune.no (lenke til ledige stillingar). 
Søknadar som ikkje blir sendt via vårt elektroniske søknadsskjema, blir ikkje vurdert. 

Søknadsfrist: 08.03.2026 
Ønskt tiltreding: 01.04.2025 

Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart, jf. barnevernsloven § 6‑10 og politiregisterloven § 39. 
Opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om det er bede om unntak, jf. Offl. § 25. 
Søknadspapir blir ikkje returnert.