Tilkallingsvikar Lesja sjukeheim

Vil du vera tilkallingsvikar på Lesja sjukeheim?

Er du ungdom, vaksen eller godt vaksen? Kunne du tenkje deg å vere tilkallingvikar på Lesja sjukeheim?

Vi har stadig behov for vikarar. Du må gjerne ha noko bakgrunn innafor pleie og omsorg, men du vil uansett få opplæring.

Å vere vikar på Lesja sjukeheim inneber mellom anna å jobbe med god omsorg til den eldste og mest pleietrengjande delen av befolkninga vår. Har du gode personlege eigenskapar og vil vere eit positivt innslag i arbeidsmiljøet, så er du truleg den rette for oss.

Ta kontakt med leiar på Lesja Helsehus, Eva Heggdal.  e mail: eva.heggdal@lesja.kommune.no Tlf: 970 45 405