Nedkjemping av blåleddved

Lesja kommune

 Lesja kommune har fått midlar frå Fylkesmannen i Innlandet til å starte på prosjektet med nedkjemping av blåleddved i Lesja kommune. Nedkjemping av blåleddved i Lesja kommune er eit omfattande og langvarig prosjekt, sidan planten har fått spreidd seg over mange år.

 

Kommunen ynskjer deltaking frå innbyggjarane i arbeidet, som vil gå føre seg over ein lang periode der stadig nye plantar spirar.

Blåleddved er ein framand art som har risikokategorien "svært høg risiko (SE)" på framandartslista. Dei finnast i store og små førekomstar, det er særleg høg konsentrasjon i og rundt bustadfeltet ved Lesja sentrum, samt andre stadar i kommunen.  I dette informasjonsskrivet er det informasjon om planten og prosjektet (PDF, 576 kB)