Kongens Fortenstmedalje til Paul Gunnar Lien

Paul Gunnar Lien med medalje og diplom - Klikk for stort bildePaul Gunnar Lien tildelt Kongens fortjenstmedalje 6.6.2023 Torunn Elisabeth Skotte Stavheim

Under sommarkonserten med Lesja Barnekor og Lesja og Lesjaskog Sangkor den 6.6.2023 vart Paul Gunnar Lien tildelt Kongens Fortenstmedalje av assisterande statsforvaltar Sigurd Tremoen.

Fungerande ordførar Ellen Sørumgård Syse overrekte blomster på vegne av Lesja kommune og innbyggjarane og heidra Paul Gunnar med desse orda:

Kjære Paul Gunnar!

På vegne av Lesja kommune og Lesja sine innbyggarar vil eg ønskje deg hjerteleg til lykke med ei særs fortent fortjenstmedalje! Eg vart rett og slett glad da eg fekk høyre at du skulle få tildelt denne, for er det nokon som må oppfylle kriteria, så må det vere nettopp deg!

Du vart, som vi har høyrt, tilsett som kantor i Lesja i 1978. Du har gjennom godt over 40 år tonesatt nokre av dei viktigaste dagane i mang ein lesjing sitt liv. Du spela da vi vart bore til dåpen, du spela da vi stod til konfirmasjon, det har vore du som har spela brudemarsjen, og det er du som har spela trøstande toner når vi har fulgt våre kjære til grava.

Men du har og hatt ei viktig rolle utanfor kyrkjerommet. Du har i ei årrekke bidrege innan sang og kor, og musikklivet i Lesja generelt. Du har med stort engasjement spredt musikk- og særleg sangglede hjå dei yngste i barnehagane og skulane, og hjå dei eldste på sjukeheim, Lesjatun og Eldres. Og du har gjort det på ein slik måte at sangstundene med deg, for mange har vore faste høgdepunkt i kvardagen.

Du er, og har vore, ein enorm ressursperson. Og sjølv om du har eit godt omdømme og nyt stor respekt både innenfor og utanfor Lesja sine grenser, har du aldri vore ein person som har framheva deg sjølv, men gjeve æra til sangkora eller andre du har samarbeidd med. Men denne gongen er det din tur til å hedrast!

Gratulerer med dagen!