Besøk til venskapskommunen Marijampole

Ordførar Mariann Skotte deltok på dei årlege bydagane i Marijampole 25. - 27. mai 2018.  Årets arrangement var spesielt fordi Marijampole er kulturhovudstad i Litauen dette året, og fordi Litauen feirar at det er hundre år sidan landet fekk sjølvstende frå Russland og Prøyssen og fekk si eige grunnlov.

Det var lagt opp til eit omfattande, variert og spennande program for bydagane.  Mellom anna deltok Lesja kommune på eit møte med fokus på samarbeid på tvers av landegrenser.  Ordførar Mariann helsa til forsamlinga, og overleverte gåve til Irena Lunskiene, ordføraren i Marijampole. Marijampole har satsa mykje på bygge opp eit stort internasjonalt nettverk, og har i dag 15 venskapskommuner rundt om i Europa.  To nye avtaler vart underskrivne under bydagane.  Hovudmålsetjinga med den store aktiviteten er å utvikle kommunen, og gjennom internasjonalt samarbeid ta del i ulike støtteordningar. Sjølv om Lesja kommune er ein liten aktør i denne samanheng, blir det frå Marijampole kommune framheva at samarbeidet med Lesja er viktig for dei! Dei ser spesielt positivt på den årlege kontakten mellom representantar i ungdomsråda i dei to kommunane.  Under Markens Grøde får Lesja kommune besøk av representantar for Marijampole kommune.  I tillegg til å delta på Markens Grøde vil Marijampole kommune drøfte det vidare samarbeidet med Lesja kommune.

 

For innbyggjarane i Marijampole er bydagane svært populære.  Det er store og små kulturarrangement rundt om i byen, og gatene er fylte med salgsboder av ulikt slag.