Felles landbruksforvalting for Lesja og Dovre - Lesja kommune

Felles landbruksforvalting for Lesja og Dovre

 Lesja og Dovre er  landbrukskommuner med eit godt produsentmiljø og mange dyktige gardbrukarar som forvaltar eigedommane sine på ein ansvarsfull og langsiktig måte.  Å reise gjennom dei to kommunane ein sommardag er ei god oppleving, fordi det her blir drive fjell-landbruk på ein bærekraftig måte i eit 1000-årig kulturlandskap heilt opp mot høgfjellet. Historisk har busetjinga vakse fram ved godt arbeid på gardane og i tilleggsnæringar gjennom mange århundre. Landbruksvarer frå jord- og skogbruk produserast for samfunnet for anslagsvis 10 gonger så mange innbyggjarar som det bur i kommunane våre.  Dette er vi stolte av og vi ynskjer å fortsette å bera denne tradisjonen vidare. Gjennom solid og ordentleg arbeid tek landbruket ansvar for eige levegrunnlag. I nasjonal samanheng er andelen sysselsette i landbruket i Lesja ein av de aller høgaste.

Artikkelliste

Opningstider

Alle kvardagar frå 09:00 til 14:00

 

Adresse

  • Besøksadresse
    Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Kommunenummer 3432 
  • Organisasjonsnummer 964 949 204
  • Bankkontonummer 2081 19 00142
  • Organisasjonskart (PDF, 385 kB)