Kolonne
Forsvaret
Bakgrunn
Trident Juncture er ei NATO-leia krigsøving som er den største i Norge sidan 1986. Norge er vertsnasjon. Øvinga vil i hovudsak vedkoma Sør- og Midt-Norge, og vil tidvis føre til og mykje synleg militær aktivitet i dei aktuelle områda. 31 nasjonar og totalt 40 000 personer deltek i øvinga.
Når?
Sjølve øvinga vil føregå i perioden 25. oktober- 7. november i området Nord-Østerdal og Trøndelag, men det vil vera ein god del aktivitet både i forkant og etterkant av dette lokalt – hovudsakleg knytt til lagring og frakt av militært materiell. Det kan vera synleg militær transport og aktivitet frå midten av august til tidleg desember 2018.
Forsvar
Forsvaret
Lesja
Transport av militært materiell og personell i samband med øvinga: Frå 20.8. vil den første av tre puljer med materiell landsett på Åndalsnes bli transportert i militærkolonner gjennom Lesja. Dette gjeld både materiell som skal til Vidfloten og til Dombås/Hjerkinn, og er delvis tungt utstyr. Den første puljen skal seinast vera gjennomført innan 25.8. Neste pulje vil bli transportert i dagane 8.9. til 15.9., og den siste puljen truleg 16.10. - 25.10. Kolonnene til Vidfloten skal gå via Prestgardsbrua på FV 496 (Vestsidevegen)
For Lesja kommune er det primært austre del av kommunen som vil merke mest til aktiviteten omkring øvinga. På Vidfloten vil det frå ca 20.8. til byrjinga av desember vera stasjonert italienske soldatar. I starten om lag 100, etterkvart om lag 650. Desse skal fylle støttefunksjonar for den stridande delen av den italienske brigaden som deltek på øvinga, med mellom anna feltsjukehus og drivstofflager. Ein ungarsk delegasjon med om lag 10 personar blir forlagt på Kolstad gard.
Slådalsvegen blir open som vanleg.
Lesja kommune sin vertskapsrolle
Lesja kommune ynskjer at vi, saman med innbyggjarane våre, skal vera eit godt vertskap. Vi ynskjer å vise fram kommunen vår frå si beste side, og vonar at både vi som bur her og dei som besøkjer oss skal få noko positivt ut av øvinga.
Forsvaret av Norge byggjer på totalforsvarskonseptet som vil seie gjensidig støtte og samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunn ved kriser og væpna konflikt. Konseptet stammar opprinneleg frå 2. verdenskrig, då den norske regjeringa innsåg at dei totale ressursane i samfunnet ikkje hadde blitt teke i bruk.
Det handlar om alt frå å sørgje for at befolkninga får strøm, mat og medisinsk hjelp ved ei krise – til å sørge for at logistikken fungerer, slik at ein kan ta imot allierte forsterkningar ved ei væpna konflikt.