Nyttig side for foreningar og verksemder i Lesja

Vi har laga ei side på nettstaden vår der både lag og organisasjonar, og lokale veksemder, kan registrere seg og dermed få tilgang til fleire tenester. 

 

Gå rett til sida via denne knappen: Lag og organisasjonar

 

Alle registrerte kjem opp i ein oversikt med den infoen de sjølv legg inn til dømes eigen nettstad og kontaktinfo. Dei som er registrerte kan logge inn og oppdatere informasjon om verksemda/laget når det er endringar.

Dersom du møter på problemer kan du sende ein mail til webredaksjonen for hjelp. 

 

 

Vidare kan dei registrerte logge på kalenderen til kommunen og legge inn sine åpne møter og andre aktivitetar. Kalenderen ligg på framsida til Lesja kommune, og alle lesarar kan bestille varsling om hendelsar via (RSS). Skal du registrere noko velger du Vis alle. Trykk på knappen øverst og velg Logg på.

 

 

 

Det siste er at Innlandet fylkeskommune jobbar saman med ei rekke desitnasjonsselskap med å lage ein geostyrt mobilapp "Mitt sted" som skal innførast i store delar av landet. Lesja er ein av pilotane i vår region. Når appen er klar, vil den bruke kommunen sin kalender som kjelde, og sende ut varslar til innbyggarar, hyttefolk, utflytta ungdomar, turistar, folk på gjennomreise mm.  Det er derfor viktig at vi saman kan halde ved like ein levande og spennande kalender som når ut til endå fleire!