Ledige stillingar
Stilling 1: Barnehagelærar
Omfang: 100 % fast
Arbeidsstad: Lesjaskog Friluftsbarnehage
Oppstart: Frå 01.01.2027
Stilling 2: Barne- og ungdomsarbeidar / assistent
Omfang: 100 % fast
Arbeidsstad: Lesjaskog Friluftsbarnehage
Oppstart: Frå 01.01.2027
Stilling 3: Barne- og ungdomsarbeidar / assistent
Omfang: 64 % vikariat
Arbeidsstad: Lesja barnehage
Periode: Snarast–10.08.2027
Merk: Oppgje i søknaden kva stilling eller stillingar du ønskjer å søkje på, og i kva barnehage. Oppgje gjerne prioritert rekkjefølgje.
Merk: Det kan bli andre ledige stillingar, både barnehagelærarstillingar og fagarbeidar-/assistentstillingar, i perioden. Då nyttar vi søkjarmassen frå denne utlysinga.
Om barnehagane:
Lesjaskog Friluftsbarnehage
Lesjaskog Friluftsbarnehage er ein to-avdelings barnehage med variert natur i nærleiken og gangavstand til skule, lysløype, eldresenter og Lesjaskogsvatnet. Barnehagen har ein tydeleg friluftsprofil, og uterommet er ein viktig arena for leik og læring. Ski er eit satsingsområde. Visjonen vår er at dei magiske augeblikka blir skapte av engasjerte barn og tilsette, med naturen som leike- og læringsmiljø.
Lesja barnehage
Lesja barnehage har fire avdelingar og plass til 62 barn, med to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt, med kort veg til både Lesja sentrum og naturen. Vi har eit stort og variert uteområde, og er mykje ute. Visjonen vår er: «Gode opplevingar i augneblinken, som gir styrke og læring for livet.»
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene varierer etter stilling, men omfattar mellom anna:
- planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar i tråd med rammeplanen
- omsorg, leik, læring og utvikling for barna – inne og ute
- daglege rutinar som måltid, påkleding, stell, rydding og HMS-arbeid
- bruk av natur og nærmiljø som leike- og læringsarena
- samarbeid med kollegaer og føresette
- rettleiing av assistentar, lærlingar og studentar for barnehagelærarstillinga
Kvalifikasjonar
For barnehagelærarstillinga:
- godkjend utdanning som barnehagelærar
- må kunne arbeide på småbarnsavdeling
For fagarbeidar-/assistentstillingane:
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg
- relevant erfaring frå barnehage kan kompensere for manglande fagbrev
- må kunne arbeide på småbarnsavdeling der dette er aktuelt
Personleg eignaheit blir vektlagt for alle stillingane.
Vi ser etter deg som
- er glad i barn og er ein trygg, varm og tydeleg vaksenperson
- trivst ute og ser naturen som ei naturleg leike- og læringsarena
- er omgjengeleg, kreativ og fleksibel
- ser barn sine ulike behov
- samarbeider godt i team og kan arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
- gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- lønn etter utdanning og ansiennitet
Rettleiande lønn i 100 % stilling:
- barnehagelærar: kr 545 400–639 900
- fagarbeidar: kr 475 300–592 500
- assistent: kr 418 600–515 800
Kontaktinformasjon
Lesjaskog Friluftsbarnehage:
Elin Brøste, fungerande tenesteleiar, tlf. 902 08 095
Lesja barnehage:
Ingrid Undselli, tenesteleiar/styrar, tlf. 468 83 205
HR:
Dagfinn Rognerud, HR-rådgivar, tlf. 404 13 600
Slik søkjer du
Send elektronisk søknad via:
www.lesja.kommune.no
Kom nå til «Ledige stillingar».
Utdanning og erfaring må gå tydeleg fram av søknaden. Attestar og vitnemål skal takast med til intervju.
Søknadsfrist: 21. Okt 2026
Viktig informasjon
Den som blir tilsett, må levere politiattest før oppstart. Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Søkjar blir varsla dersom unntaket ikkje blir teke til følgje. Søknadspapir blir ikkje returnerte.
Ved interne forflyttingar kan søkjarmassen nyttast til å fylle andre ledige stillingar.