Gratis kunstworkshop for unge i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk
- For 6. trinn - 3. vgs. 12 ledige plassar
- Søndag 7. juni, kl. 10:00 - 13:00
- På Refleksjonshuset på Lesja
Påmelding innan 29. mai
Fyll ut påmeldingsskjema her
Om workshopen
Saman med Marit Benthe Norheim vil deltakarane bruke byggematerial som betong, saman med teikning og glas som kunstnerisk medium. Kvar deltakar lager eit individuelt objekt med ei tilhøyrande tekst. Dei individuelle arbeida blir sett saman til ein heilskap og dette verket blir ein installasjon som vil vandre i våre nærområde.
Lunsj er inkludert!
Det vil vere åpen kafé, og moglegheit for å gå seg små turar på området for dei som ventar. Det er også mogleg å ta ein prat med Claus Ørntoft - skaparen av kunstverket Cockpit.
Om Marit Benthe Norheim
Marit Benthe Norheim (f. 1960) er norsk, men bur og arbeider i Danmark. Ho er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi i Bergen og Royal Academy of Art i London, og har gjennom ei årrekke utvikla eit omfattande kunstnarskap med offentlige prosjekt, utstillinger og undervising i ei rekke land.
Om Refleksjonshuset
Refleksjonshuset ligg på garden Ner-Siem vest for Lesja sentrum. Visjonen til Steg for Steg, som held til på Refleksjonshuset, er å skape resultat gjennom refleksjon. Dei tilbyr skreddersydde kurs for ulike grupper, og bruker dei vakre omgivnadane rundt garden aktivt i sin drift.
Om Dovre og Lesja Kunstforening
Dovre og Lesja kunstforening vart stifta i 2009, og er ei foreining med omlag 90 medlemmer. Dei arrangerer 4 utstillingar kvart år på Dombås hotell med profesjonelle kunstnarar frå heile Noreg. Det vert arrangert kunstturar til byar i nærleiken.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Dovre Lesja Kunstforening, Refleksjonshuset og Lesja og Dovre kulturskole. Dette arrangementet er støtta av Innlandet fylkeskommune, Fjellbanken og Sparebankstiftelsen DNB.