Nye vedtekter for kyrkjegardane i LesjaLesja kyrkjelege råd sender forslag til nye vedtekter for kyrkjegardane i Lesja ut på høyring. Høyringsfrist 23. august 2026.Gravplassvedtekterne for Lesja vart vedteke i 1998. No vert vedtektene endra både for å få inn punkt om minnelundar, og fordi vedtektene skal endre status til lokal forskrift. Det inneber bl.a at noko av noverande innhald er fjerna, ettersom det no står i sentral forskrift eller andre reglement.Vedlagt følgjer høyringsbrev og forslag til nye vedtekter. Innspel kan meldast Lesja kyrkjelege råd innan 23. august 2026.Lesja kyrkjelege råd vil ta stilling til høyringsinnspel på neste møte, og så sende nye vedtekter til Statsforvaltaren for godkjenning. Dei nye vedtektene vil tre i kraft 30 dagar etter at Statsforvaltaren har godkjent den nye lokale forskrifta.Høringsbrev (PDF, 89 kB)Vedteke forslag til vedtekter for gravplassane i Lesja kommune (PDF, 185 kB)Send innspill til: Lesja kyrkjelege råd, pb. 75, 2665 Lesjaepost: kyrkjekontoret@lesja.kommune.notlf. 918 52 144