Informasjonspunkt når mobilnett og internett ikkje fungererNår internett og telefon er nede kan du besøke kommunen sine etablerte informasjonspunkt for å få informasjon og kontakte nødetatar eller kommunale tenester. Her er informasjonspunktaDovreHjerkinn Fjellstue og Fjellridning, Kvitdalsvegen 12, 2661 HjerkinnDovregubbens Hall, Trondheimsvegen 2100, 2660 DombåsDombås samfunnshus, Lars Moens veg 5, 2660 DombåsMosjordet grendahus, Gudbrandsdalsvegen 2235, 2660 DombåsFredheim omsorgssenter, Hjerleids veg 18, 2662 DovreSkogvang grendahus, Solsidevegen 222, 2663 Dovreskogen LesjaJoratunet, Vestsidevegen 4, 2665 LesjaBø grendahus, Bøvegen 182, 2665 LesjaFriheim, Romsdalsvegen 1323, 2665 LesjaLora grendahus, Stavheimsgrende 114, 2666 LoraSolheim grendahus, Romsdalsvegen 3415, 2667 LesjaverkKyrkjestugu grendahus, Strandvegen 209, 2668 LesjaskogBjorli samlingshus, Vasstårnvegen 40, 2669 Bjorli Kva er eit informasjonspunkt?Eit informasjonspunkt er ein stad der: Kommunen kan gje informasjon til innbyggarane når mobilnett eller internett ikkje fungerer.Du som innbyggar kan koma i kontakt med kommunale tenester eller nødetatane. Kva kan eg få hjelp til?Her kan du få: Oppdatert informasjon om situasjonen lokaltInformasjon om kommunen sine tenester og andre forhold som påverkar innbyggaraneHjelp til å melde frå om akutte situasjonar til nødetataneNår blir eit informasjonspunkt etablert?Ved bortfall av mobilnett eller internett i heile eller delar av kommunen over eit visst tidsrom. Sist endret 23.10.2026 11.09