Alle som arbeider på skulen, skal følge med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.
Alle som arbeider på skulen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om, eller kjennskap til, at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigaren i alvorlege tilfelle.
Ved mistanke om, eller kjennskap til, at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, skal skulen snarast undersøke saka.
Når ein elev seier at skulemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørge for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
Skulen skal sørge for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggande omsyn i skulen sitt arbeid.
Skulen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:
a) kva problem tiltaka skal løyse
b) kva tiltak skolen har planlagt
c) når tiltaka skal gjennomførast
d) kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka
e) når tiltaka skal evaluerast.
Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta.