Publisert 03.11.2017

1. november var siste frist for å spreie husdyrgjødsel før vinteren. Været har vore ustabilt den siste tida. Det har kome meire snø og regn enn værvarslingane tilsa. Nedbøren har ført til at jorda er metta av vatn. Gjødselvareforskrifta fortel at kommunen kan gje dispensasjon til å spreie husdyrgjødsel etter fristen, men på grunn av dei klimatiske tilhøva og den metta jorda så skal det mykje til før kommunen gjev dispensasjon til å spreie husdyrgjødsel etter 1. november. Vi rår til at dei som har for liten gjødsellagerkapasitet undersøkjer om det kan leigast lagerkapasitet hjå andre.  

Publisert 03.11.2017
Lesja sjukeheim

Forprosjekt Lesja Helsehus er laga av VSO consulting og vart lagt fram for byggekomiteen 2.11.17.

Publisert 26.10.2017

Fylkeskommunen gir også i år tilskot til investering i anlegg eller utstyr i forbindelse med idrettsarrangement.

 

 

Publisert 18.10.2017

Nasjonalbiblioteket er i ferd med å ferdigstille den fyrste versjonen av tenesta Biblioteksøk. Denne tenesta vil vere publikum sin inngang til dei norske biblioteka sine samlingar. Her skal publikum både finne materiale og kunne bestille materiale til nærmaste bibliotek.

Publisert 21.09.2017

Unge kvinner født 1991-1996 som ikkje har fått HPV vaksine, kan få den gratis no! Ta kontakt med oss på Lesja helsestasjon no!  

Ope måndag, tysdag, torsdag og fredag kl  8.00-15.30

Tlf 612 44 209/612 44 201

Mob 95183877

 

For meir informasjon les:

https://www.fhi.no/sys/sok/?term=HPV+unge+kvinne+f%C3%B8dt+1991

Publisert 09.06.2017

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2017.

Publisert 24.03.2017

Kommunane møter høge forventingar til kommunale digitale tenester frå innbyggarane, tilsette og næringslivet. Det er og eit auka krav til effektivisering og krav om digitale tenester frå myndigheiter og andre samfunnsaktørar.

For å møtte desse krava og forventingane har dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen gått saman om eit digitaliseringsprosjekt for å lage ein Digitaliseringsstrategi.  

Publisert 23.03.2017
SvarUT-digital postkasse

Den digitale postkassa også?

Hugs at viktig post frå nærare 400 statlege verksemder og kommuner no blir sendt til din digitale postkasse. Når brev har hamna i ei digital eller ei fysisk postkasse, er det mottakaren sitt ansvar å opne og å lese brevet. 

Publisert 14.02.2017

No finnast det hjertestartar på Bjorli.

Private initiativ  og fleire sponsorar har nå sytt for at det har kome på plass ein hjertestartar på Bjorli.

Den er plassert på YX Bjorli.. Hjertestartaren er tilgjengeleg i YX si opningstid 08 (09)-22.00.

Det skal etter planen monterast eit varmeskap utanfor YX slik at hjertestartaren er tilgjengeleg heile døgnet.

Det finnast hjertestartarar føljande andre stader i Lesja kommune:

  • Lesja legekontor – Lesja sentrum
  • Lesja skule (svømmehall og samfunnshus)
  • Lesjaskog skule
  • Lesjaskog brannstasjon
Hugs alltid å ringe 113 når det står om liv!
 
Viktige telefonnummer:
Medisinsk nødsentral  113
Legevakt 116 117
Politi - 112
Brann - 110
Lesja legekontor (08-15.30) 61 24 42 00