Vinterles 24/25

Da er vi i gang med ny sesong Vinterles – årets hyggelege lesekampanje for vaksne og ungdommar på vidaregåande skule. 

Vinterles 2024/2025

 

Kampanjeperioden går f.o.m. 15.11.24 t.o.m. 15.03.24.

Les du minimum fem bøker i vinter og leverer skjema på biblioteket ditt,  får du med deg ein fin premie. I år kan du velje mellom kopp, asjett eller berenett (kun éin premie per person)! Du kan levere så mange skjema du vil, og kvart skjema tel i trekkinga av to billettar til Høgfjellskonserten på Rondablikk (gjevne av Peer Gynt). Til våren blir det forfattarbesøk med Jørn Lier Horst, så det er noko å sjå fram til!

 

Vinterles er biblioteka i Nord-Gudbrandsdal si lesesatsing for vaksne og ungdommar på vidaregåande skule. Prosjektet er i år støtta av Peer Gynt.

God lesevinter!