Sommarles 2019

Klikk for stort bildeBiblioteket har nå invitert elevane i 1. til 7. klasse og skulestartarane til årets lesekampanje Sommarles, som varar 1. juni - 31. august.

Klart for Sommarles.no!

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Saman med barn frå over 380 andre kommunar, kan alle barn i 1. - 7. klasse i Lesja kommune frå 1. juni, vere med på Noregs kulaste lesekampanje! Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok meir enn 105 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Lesja bibliotek inviterer til avslutningsfest i september. Meir info vil kome seinare.

 

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

- Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse (gjeld dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart og dei som byrjar i 1. klasse til hausten igjen), og varer frå 1. juni til 31. august.

- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

- Sommarles.no er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS.

- Sommarles.no blir i 2019 leia av Finnmark fylkesbibliotek, Østfold fylkesbibliotek og Snuti AS.

Promovideoar:

 

Sommerles i Bokåret 2019

Bli med på sommerles.no