Nasjonalt lånekort

Er du registrert med nasjonalt lånekort kan du enkelt logge deg inn på websøket vårt og sjekke kva lån du har. Her kan du òg fornye eller reservere. Skriv inn lånenummer/e-post og pinkode (fire sifre).

Det er òg mogleg for å skaffe seg Nasjonalt lånekort på nett. Det er ingen skilnad på det fysiske og det digitale kortet. For å kunne bruke eit nasjonalt lånekort ved eit bibliotek, må du fyrst bli knytt opp mot biblioteket. Det kan gjerast på nettet, men nokre bibliotek krev fysisk oppmøte for dette.

Med nasjonalt lånekort kan du nytte deg av biblioteket sine digitale tenester, t.d. få tilgang til Biblioteksøk der du sjølv kan søkje opp og bestille bøker til hentebiblioteket ditt. Du får òg moglegheit til å kunne logge direkte inn i Filmbib.

Les meir om lånekortet på Bibliotekkortet. Ofte stilte spørsmål Spørsmål om lånekortet