Velkomen til Lesjaskog barnehageLesjaskog Barnehage fekk nytt bygg som stod ferdig som to-avdelings barnehage i august 2008. Vi har plass til 12 barn under tre år og 22 barn over tre år. I grunnbemanning har vi to førskulelærarar på kvar avdeling og ein eller to fagarbeidarar ettersom kor mange barn vi har. Leik og aktivitet ute er viktig for Lesjaskog Barnehage. Vi går til skog og vatn og gapahuk like utanfor gjerdet og litt lenger unna. Skiløypa like ved blir flittig brukt. Vi har mykje samarbeid med skulen, som vi har i gangavstand. Vi har fokus på språk, matematikk/teknikk, ski, song, venskap. Telefonar til Lesjaskog barnehage Kontoret/styrar: 916 96 245 Avdelingane Kjøken og Kampen: 916 97 328 Hovdan og personale: 916 98 358 Kontakt: Lesjaskog Barnehage, Furuvegen 25, 2668 Lesjaskoge-post: lesjaskog.barnehage@lesja.kommune.no Publisert avVigdis Kristin Nedregård Publisert26.01.2017 13.19