Digihjelpen Lesja

Lesja kommune vart innvilga tilskott for 2019 til etablering av eit digitalt lavterskeltilbod med rettleiing for innbyggarar.

Prosjektet går ut på å finne gode tilbod for å gi grunnleggande datakunnskap til innbyggarar og tilsette. Prosjektet går heile 2019 og skal munne ut i ein rapport med tilråding for vidare drift av slikt tilbod i Lesja.