Arealoverføring

Arealoverføring opnar for å overføre større arealer mellom to matrikkeleiningar (grunneigedommar) enn kva som er mogleg i form av grensejustering. Eigedommene skal utgjere eit samanhengande areal eller volum med det overførte arealet eller volumet. Arealoverføring er søknadspliktig etter plan- og bygningsloven.
Arealoverføring kan ikkje omfatte punktfeste eller areal som ligg som uteareal til en eigarseksjon. Slike saker må eventuelt løysast med reseksjonering før arealoverføring.

Alternativt til "arealoverføring" er frådeling med etterføljande overskøyting og samanslåing.

Opningstider

Alle kvardagar frå 09:00 til 14:00