Grensejustering/arealoverføring

Grensejustering kan brukast ved overføring av mindre areal mellom eigedommer. Formålet med ei grensejustering er å rette opp ulaglege grenser mellom eigedommar, jf Matrikkelloven §16. Av omsyn til panterett er det berre mindre areal som kan overførast ved ei slik justering, større arealer må delast frå ved ei ordinær delingsforretning/arealoverføring. Grensejustering kan både vera ei einsidig overføring av areal eller ei gjensidig overføring av areal mellom to eigedommar. Grensejustering innebær ein langt enklare prosess enn å gå den ordinære vegen om søknad etter plan- og bygningsloven, delingsforretning, tinglysning av skøyte, pantefråfall og samanslåing. Ved ei grensejustering skjer dette i ein og same forretning.

Føljande føresetnader må være til stade for å kunne gjennomføre ei grensejustering:

  • Panterett fell bort i areal som blir avstått frå eigedom ved grensejustering, og panterett i eigedom som får tillagt areal blir utvida til også å omfatte dette. Av omsyn til panteretten kan kun mindre areal einsidig overførast mellom berørte eigedommar. Det vil seie inntil 5 % av den minste av dei berørte eigedommane eller maksimalt 500 m2.Eigedommane skal ikkje auke eller redusere sin verdi med meir enn grunnbeløpet i folketrygda.
  • Ved gjensidig grensejustering (makeskifte) kan ei eining maksimalt avgje 20 prosent av opprinneleg areal.
  • For anleggseigedom kan volumet aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 1000 m3.
  •  Les meir i matrikkelforskriften § 34.

For å overføre større areal, må arealet først frådelast for så seinare å bli sammenslått. Alternativt kan ein søkje om arealoverføring. Her finn du informasjon om arealoverføring