Ny versjon av hjorteviltregisteret 2019

Hjorteviltregisteret er ein nasjonal database som ivaretek data for jakt på hjortevilt, samt opplysningar om fallvilt av utvalde artar. Nettsida har eksistert i ei årrekke, men er no lansert i ny versjon.

Data på Hjorteviltregisteret er ope og tilgjengeleg og alle kan opprette brukeraonto med brukarnamn og passord. Personar som allereie har slik brukarkonto blir no bedne om å oppdatere passordet sitt. Det kan ein gjere her: https://hjorteviltregisteret.no/Bruker/GlemtPassord

I den nye løysinga er settogskutt.no slått saman med Hjorteviltregisteret. Det betyr at jegarar skal registrere sine jaktdata på www.hjorteviltregisteret.no. Det er foreløpig ein avgrensa del av tidlegare data som er flytta over i den nye løysinga, men sida skal oppdaterast fortløpande og målet er at alt skal vere klart til ordinær elgjaktstart.

Den gamle innsynsløsning av Hjorteviltregisteret finn du på adressa: http://gammel.hjorteviltregisteret.no/. Dette er ikkje ei https-adresse og du vil derfor få ein advarsel når du går inn på siden. Sida er trygg å besøke, og du kan gå vidare til nettstaden.

Ved lansering av nye system kan, og vil, det oppstå nokre feil. Det jobbast fortløpande med å rette dette. Har du spørsmål eller problem med å bruke den nye nettstaden så ta kontakt med på support@naturdata.no eller tlf 74 33 53 10.

Les meir om forvaltning av hjortevilt her.

Artikkelliste

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800