Nasjonalparker og verneområder

Lesja er ei stor nasjonalparkkommune med ca. 75% verna areal. Innanfor verneområda har villrein eit spesielt verneformål. I Lesja kommune ligg to nasjonalparkar og fire landskapsvernområder som er forvalta av to nasjonalparkstyrer. Desse er:

Forvalta av Reinheimen nasjonalpark

Reinheimen Nasjonalpark

Lordalen landskapsvernområde

 

Forvalta av Dovrefjell Nasjonalparkstyre

Dovrefjell – Sunndalsfjella nasjonalpark 

 Dalsida landskapsvernområde

Jora landskapsvernområde

Fokstugu landskapsvernområde

Hjerkinn landskapsvernområde med biotopvern


 

Har du spørsmål om verneområda eller om tiltak i verneområda, ta gjerne kontakt med Lesja kommune eller nasjonalparkforvaltarane direkte. Ofte er det slik at om du har ein byggesak, motorferdselsak eller andre tiltak, så må søknaden behandlas både av grunneigar, nasjonalparkstyret og av Lesja kommune. Om ein sak vert sendt inn til Lesja kommune, sørgjer vi for at den kjem til alle nødvendige instansar.

Kongen i statsråd vedtok 20. april 2018 å utvide Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, opprette

Hjerkinn landskapsvernområde og endre grensene for Fokstugu landskapsvernområde. Vedtaket

følgjer opp Stortingsvedtak i 1999 om å leggje ned Hjerkinn skytefelt, tilbakeføre det til naturen og

innlemme det i eksisterande verneområde. Vernevedtaket betyr føljande:

 Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark er utvida med ca. 131 km2 i Dovre og Lesja

kommuner

 Hjerkinn landskapsvernområde med biotopvern på ca. 45,6 km2 er oppretta i Dovre og

Lesja kommuner

 Avgrensninga av eksisterende Fokstugu landskapsvernområde endrast ved at 0,80 km2 er

teke inn i utvidinga av nasjonalparken og 1,35 km2 er teke inn i nytt Hjerkinn

landskapsvernområde, samt at 0,77 km2 som ikkje tidlegare var verna er innlemma.

Dovrefjell Nasjonalparkstyre er vernemyndigheit for verneområda.

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800