Biologisk mangfald i Lesja

Det er eit rikt biologisk mangfald i Lesja. Ei oversikt over ulike naturtypar, verneområde, kulturlandskap, kulturminnne med meir som er registrert i Lesja ligg på https://kart.naturbase.no/

Rapportar over ulike kartleggingar ligg som vedlegg du kan laste ned frå denne sida.

NINA Rapport 1042 Sandfuruskog og sandfuruskogsopper

I 2021 arbeider Lesja kommune med utarbeiding av ein kommunedelplan for naturmangfald.

Hovudmålet med planen er å få ei samla oversikt av verdifulle naturområder og artar i kommunen. Fokus området for planen er areal som er utsatt for utbygging og menneskeleg aktivitet, hovuddalsøkket gjennom Lesja. Det er heilt avgjerande for kommunen å ha oversikt over naturtype, artar og deira leveområde lokalt for å sikre at nye utbyggingar ikkje øydelegg viktige naturverdiar. Naturen i verda er under sterkt press og nedbygging av areal er den største trusselen for naturmangfald, bit for bit utbygging utgjer ein stor trussel over ein lang periode.

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800