Friluftsliv

I Lesja er det mogleg å oppleva mykje innanfor tema friluftsliv. 

Lesja kommune har over fleire år arbeidd for å leggje til rette for allsidig aktivitet. Vi har mange ulike aktivitetstilbod i regi av friviljuge og utallige moglegheiter for  uorganiserte aktivitetar og friluftsliv med gang- og sykkelvegar, fiskevatn og - elvar, båt - og kanoutleige, kulturstigar, skiløyper og alpinbakke, turstier i nærmiljøa, nærheit til fjellet og mykje meir.

I vedtatt Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og naturopplevelse 2014 – 2017 kjem kommunen si satsing på disse områda tydeleg fram. Mellom anna satsing på auka tilgjengelegheit og god merking av turstier.

Klikk for stort bilde

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88