Fyrar du framleis med olje, diesel eller anna mineralolje? Skund deg å søk tilskot hjå Enova!

Fyrer du framleis med olje, diesel, eller anna mineralolje? Skund deg å søk tilskot i løpet av 2018! I 2019 halverast tilskotet og frå 1.januar 2020 blir det forbod mot å fyre med mineralolje til oppvarming av bygningar.

Stortinget har vedteke at det skal innførast forbod mot bruk av mineralolje (fossil olje) til oppvarming av bygningar. Forbodet gjeld frå 1.januar 2020.

Forbodet gjeld oppvarming av alle bygningar (uthus som hus), men forskrifta har utsatt frist for  

  • Driftsbygningar i landbruket har utsatt frist til 1.januar 2025
  • Sjukehus har utsatt frist til 1.januar 2025

Unntak frå forskrifta:

  • Fritidsboligar, fyrstasjonar og bygningar i seterdrift som ikkje har moglegheit til å kople seg til strømnettet har unntak frå forbodet. (typisk på fjellet)
  • bygningar der hovudformålet med forbrenningsanlegget er å levere energi til framstilling eller bearbeiding av materialer, stoff eller produkt. (eks. i industri, der forbrenning skjer pga. produksjon og ikkje oppvarming av bygg)

Formålet med forskrifta er å redusere utslipp av klimagassar frå oppvarming av bygningar, samstundes som omsynet til forsyningssikkerheten ivaretakas.

Enova har tilskotsordnignar i 2018 og 2019 for deg som må skifte ut oljefyren!

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88
Kim Berget
Skogbrukskonsulent
Telefon 61 24 41 45
Mobil 951 89 558