Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Føremålet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det ut frå regionale og lokale prioriteringar blir stimulert til auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne blir tatt vare på og vidareutvikla.

Det er kommunane og fylkesmannen som har saksbehandlaransvaret for tilskotta, og som lagar retningsliner for tilskott. 

I 2019 er det NMSK-tilskot til desse tiltaka: 
•    Markberedning 
•    Ungskogpleie 
•    Manuell 1. gongs tynning i h.kl III med underskot(bartre og bjørk)
•    Taubanedrift 
•    Hestedrift 
•    Bilveg, nyanlegg og opprusting 
•    Traktorveg nyanlegg

Ta kontakt med landbrukskontoret for info om tilskotssatsar. 

Tilskotssøknadar må sendast landbrukskontoret så snart som råd etter at tiltaket er utført. Dersom kommunanes tildelte pott til statstilskott er brukt opp, vil søknaden ha prioritet neste år. 1. desember er frist for søknad om tilskott til skogkultur med satsar og reglar inneverande år.

For å søkje om tilskott til NMSK-midlar skal skjema LDIR-909 (lenke) nyttast

Kontakt

Kim Berget
Skogbrukskonsulent
Telefon 61 24 41 45
Mobil 951 89 558