Informasjon om øyremerka miljøtilskott i skogbruket

For 2019 er det for heile Norge sett av 8 millionar kroner som er øyremerka tilskott til miljøtiltak i skog. Det kan gjevast tilskott til føljande tiltak:

  • Nøkkelbiotopar
  • Rovfuglreir og tiurleikar
  • Tilrettelegging for friluftsliv
  • Fjerning av utanlandske treslag

Dette kan mellom anna dreie seg om:

  • Dekning av meirkostnader eller tap ved å gjennomføre skjøtselstiltak for å ivareta miljøverdiar.
  • Delvis dekning av økonomiske tap knytt til langsiktig bevaring av spesielle miljøverdiar, der omsyn til desse krev at skogeigaren avstår frå hogst eller legg om skogsdrifta.
  • Dekning av meirkostnader ved skogsdrift for å unngå vegbygging som vil redusere «villmarksprega område»