Forslag til næringsprisen i Lesja 2019

Lesja kommune har oppretta næringspris. Denne skal være ei påskjønning til personar, bedrifter eller organisasjonar som har bidratt til å skaffe nye og varige arbeidsplassar til kommunen. Prisen kan også gå til nokon som har ytt ekstraordinært bidrag til å trygge og videreutvikle eksisterande næringsverksemd. Idèar og prosjekt som kan videreutviklast til veksande og varig verksemd kan også premierast.

Dei som får prisen skal på ein framtredande måte ha markert seg innan:

  • Nyskaping
  • Modernisering
  • Profilering
  • Innverknad på øvrig næringsliv
  • Involvering i lokalt utviklingsarbeid


Lesja kommune sin næringspris består av ei pengegåve på kr 20.000 kroner og eit diplom som blir delt ut på eit eige næringslivsarrangement i november.

Lesja kommune ønsker forslag på kandidatar til næringsprisen med ei kort grunngjeving. Send inn ditt forslag via digitalt skjema under innan fristen 20. oktober 2019.

Innkomne forslag er unnteke offentlegheit etter Offentleglova §26, andre ledd. 

Forslag til Næringspris i Lesja

Felt merket med * må fylles ut