1,49 millionar til kommunalt næringsfond i Lesja

Nord-Gudbrandsdalen er tildelt 9,5 millionar ekstra til kommunale næringsfond. Av desse har Lesja  kommune fått tildelt 1,49 millionar.

Målet med tilskotet er å fremme vekst og sysselsetting, for å redusere dei negative konsekvensane av Covid-19.

Klikk for stort bilde Benedikte Skarvik  

Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen fekk totalt ca 9,5 millionar fordelt på:

 

Dovre:  kr. 1 780 040,-

Lesja:    kr. 1 495 565,-

Skjåk:    kr. 1 505 805,-

Lom:      kr. 1 723 285,-

Vågå:    kr. 1 535 550,-

Sel:        kr. 1 550 635,-

Kommunane er svært glade for å kunne få denne moglegheita til å støtte næringslivet i ei vanskeleg tid.

 

Målgruppa for midlane er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknader av kornavirus utbrotet. Betydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggjast. 

 

I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggas særlig vekt på:

  • I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antakas å motverke negative verkingar av Covid19 utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gang.

 

Midlane vil bli utlyst på www.regionalforvaltning.no så snart som mogleg, sannsynlegvis i august.

 

Du finn meir informasjon om ordninga her:

Midlertidig forskrift for kommunale næringsfond   

Kontakt

Rigmor Bøe
Sjef samfunnsplanlegging
Mobil 904 03 758