Næringsarbeidet i Lesja kommune

Lesja kommune satsar sterkt på utvikling og næringsarbeid. Sidan 1.2.2017 har kommunen kjøpt tenester frå Nordveggen AS på dette området. Prosjektet har fått namnet "Levande Lesja" og gjennomførast i eit tett samarbeid med kommunen og næringslivet.

LEVANDE LESJA

Levande Lesja har blitt ein felles paraply for utviklings- og næringsarbeidet i Lesja. Det er nedsett ei styringsgruppe for prosjektet beståande av representantar frå Lesja kommune og Bjorli Lesja Næringslag, Dette sikrar også koordinering av innsatsen også opp mot landbruksavdelinga, som også har ein viktig del av næringsutviklinga i kommunen.

 

Nordveggen ergjennom prosjektet til stede tre dagar i uka på Lesja. Sidan oppstartinga har det vore lagt stor vekt på nettverksbygging ut mot næringslivet og mellom ulike bedrifter. Det er etablert ulike møteplassar, arrangert studieturar, fagmøter og kurs. Ein fullstendig oversikt over innsatsen finnast i årsrapportane.

Vi vil likevel trekke frem nokre viktige satsingar:

- Det satsast sterkt på næringsbesøk og kontakt med næringslivet.

- Etablerarar føljast opp og får tilbod om kurs, rettleiing og bistand med søknader.

- Det vart i 2018 utarbeida ein bedriftskatalog der 80 bedrifter i Lesja fekk samla profilering. Denne gjekk ut til alle husstandar i Lesja/Dovre og nyttast aktivt for å informere om næringslivet og enkeltbedrifter.

- Det vart arrangert ein felles stand for Lesja-bedrifter under fritidsmessa i Ålesund 2018.

- Det er arrangert studieturar innan tema lokalmat og reiseliv.

- Et leiarnettverk er under utvikling, og har hatt 2 studieturar for inspirasjon.

- Det er skaffa finansiering til prosjekt for Verdiskaping i Verneområda og Villreinen som verdiskaper

 

AVKLARINGSMIDLAR

Lesja kommune har satt av ein pott på kr 50.000 som kan nyttast til gründerar i ein tidleg fase som har behov for avklaringar for å vurdere realisme i ideen sin. Kvar idé kan få opp til kr 10.000.

Lær litt meir om Nordveggen på heimesida deira

Følg "Levande Lesja" på Facebook

NÆRINGSHAGE

Lesja Veksthus

I tilknyting til kommunehuset på Lesja er det ein næringshage med kontorplasser til leie for små bedrifter eller som erstatning for heimekontor om du arbeider i ei bedrift utanfor Lesja. For informasjon om mogleg leie av kontor - ta kontakt med Lesja kommune. Levande Lesja disponerer også kontor i kommunehuset som gründerar kan bruke for kortare periodar.

Dette kan gjevast til bedrifter mellom 0 og 5 år, og størrelsen på lånet kan vera inntil kr 1,5 mill. Lånet kan stå rentefritt i 2 år og avdragsfritt i 4 år, og passar spesielt til bedrifter med store ambisjonar og større kapitalbehov.

 

Kontakt

Solveig Brøste Sletta
Dagleg leiar Nordveggen AS
Telefon 988 83 816