Dei som har levert avtale inngått i 2008 (for perioden påstartet i 2009) eller seinere som fortsatt løper, og er innsendt til kommunen, må ikkje levere nye avtaler til godkjenning før desse avtalene har gått tida ut.
Jordleigeavtaler skal ha en varigheit på 10 år. Leigetakar kan si opp før tida er ute. Utleigar kan berre si opp avtalen om den er misleghalde. Lengre avtaler enn 10 år må ha konsesjonsløyve.
Avtaler med klausul om automatisk forlenging dersom partane har blitt enige om det så sant ingen av partane seier dei opp, kan ikkje brukast etter endringane i Jordloven av 2017.
Både Lesja kommune og Dovre kommune arbeider med retningsliner for godkjenning av jordleigeavtaler. Desse retningslinene er planlagt behandla av politisk organ innan 01.03.2017.
Kommunen har for tida ikkje gyldig mal for jordleigeavtaler, men vi håpar å ha slik mal klar kort tid etter at retningslinene er vedtekne. Det kan inngåast avtaler no, men dei vil ikkje bli behandla av kommunen før dei kommunale retningslinene er vedteke.
Nyttig tips:
- Skriv inn i jordleigeavtalene kven som har ansvaret for gjerdevedlikehaldet i leigeperioden.
- Har du felles privat veg som vil få endra kjøremønster som følgje av utleigeforhold – avklar dette med dei andre partane i vegen.