NIBIO har hatt gjennomgang av jordbruksarealet i Dovre kommune
Endringsanalyse eksempelNIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har gjennomført periodisk vedlikehald av AR5 (arealressurskartet) for Dovre kommune. Dette har ført til mange små og større endringer i arealklassifiseringa.
Kva endringar som er gjort på din eigedom kan du sjå ved å gå inn på Nibio sitt kartverktøy "Kilden". Der kan du søkje opp din eigedom i søkelina på toppen (0511-**/*). Ved å velje kartlaget "Markslag (AR5)", og tema "Endringer NIBIO (AR5)" vil du sjå endringane som er gjort. Du kan også klikke på dei raude/grøne/gule/lilla flatene for å sjå kva endringane går ut på. Lenke til "Kilden" finn du i lenkesamlinga nederst på sida.
I tabellen under viser ein oversikt over kva endringar som er gjort. Tala gjeld for heile kommunen. I lenkesamlinga ligg det mellom anna lenke til "Arealbarometer for Dovre kommune", der Nibio har sett på fleire sider ved arealbruken i Dovre kommune, og i eit større perspektiv.
Publisert av Martin Vorkinn
Sist endret 25.02.2019 12.48