Ingen frist for å søkje Innovasjon Norge-tilskot til tradisjonelt landbruk

Klikk for stort bildeFrå og med 2019 er det ikkje lenger frist for å søkje midlar til investering i tradisjonelt landbruk. Frå nyttår skal Innovasjon Norge behandle søknadane etter kvart som dei kjem inn.

Innovasjon Norge gjer i kvar enkelt sak ei vurdering av om det skal ytast tilskot, og i kva støttegrad det i så fall skal ytast. Innovasjon Norge legg vekt på om prosjektet er i samsvar med nasjonale føringar og regionale strategiar. Vidare vurderast prosjektets lønsemd og soliditet både på kort og lang sikt. Prosjekt må ha tilfredsstillande ressursgrunnlag.  

Innovasjon Norge håpar dei vil ha nok midlar til å kunne behandle søknadar heile året 2019. Den som er seint ute vil kunne risikere at midlane er brukt opp. Landbrukskontoret hjelper gjerne til i søknadsprosessen!

Kontakt

Kari Anette Austvik
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 12
Mobil 941 37 135
Harald Aulie
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 21