Gratis aktivitetar for ungdom i Gudbrandsdalen

DNT  Gladnyheit til alle ungdomar i Gudbrandsdalen!!!

Gjensidigestiftelsen har gjeve oss pengar til å arrangere gratis turar for ungdomar mellom 13 - 20 år (fødd 2009 - 2002). Meld deg på og opplev naturen vi har rundt oss samen med andre naturglade ungdomar. Alle er velkomne!

Les meir om turane på heimesida til Gudbrandsdal DNT

Du vel sjølv om du vil melde deg på ein eller fleire dagar. Det er begrensa med plassar, så her er det fyrstemann til mølla. Påmelding før 15. juni gjer du inne på DNT Gudbrandsdalen si nettside under kvart arrangement. Har du spørsmål, så ta kontakt med Anita på tlf. 99 71 26 77.