Tematisk kommunedelplan for landbruk - Lesja kommune - offentleg ettersyn

Klikk for stort bilde

Formannskapet i Lesja har i møte 02.05.19, sak 37/19 slutta seg til:

«Med heimel i plan- og bygningslova §§ 11-1 og 11-2, jf. § 11-14 blir «Tematisk kommunedelplan for landbruk i Lesja kommune», som vedlagd saka lagt ut til offentleg ettersyn.»

Utskrift av saka, og kopi av plandokumentet følgjer vedlagd.

Etter innspel på ope møte 05.06.19 blir fristen for å fremme uttale til Tematisk kommunedelplan for Landbruk – Lesja kommune utsett til 01.10.19.
Grunnen til at fristen blir forlenga er at ein ynskjer å leggje til rette for eit breiare engasjement i lokale faglag og andre fora..

Kontakt

Trond Stensby
Planleggar
Mobil 911 61 458