Offentleg ettersyn - Reguleringsplan Lorkverna [planID 05120145]

Forvaltningsutvalet i Lesja kommune har i sak 29/2021 vedtatt å legge reguleringsplan for Lorkverna [planID 05120145] ut til offentleg ettersyn og høyring med følgande vedtak:

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10, vert reguleringsplan for Lorkverna (planid. 05120145) lagt ut til offentleg ettersyn i åtte veker.

Før planen kan vedtakast må Lesja historielag framvise sti avtale med alle grunneigarar stiane går over.

Vilkår før planen vert lagt til offentleg høyring:

1. Plandokument oppdaterast slik at formål og areal i plandokumenta samsvarar med det oppdaterte plankartet, og mindre justeringar i planomtale og kart.

Planforslaget er no retta i tråd med forvaltningsutvalets vedtak.

• Plandokumenta ligger vedlagt.

• Planforslaget ligger også synleg i kartløysinga, Webinnsyn. Der må ein i venstre marg krysse av for "Planinnhold – Planforslag" for at planforslag skal bli synleg. https://www.lesja.kommune.no/tenester/kart/

Merknadar til planforslaget kan sendast til Lesja kommune, postboks 53, 2671 Lesja / postmottak@lesja.kommune.no innan 13.september 2021.

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgjevar
Telefon 948 75 433
Mobil 948 75 433