Offentleg ettersyn og høyring - Reguleringsplan Enebo - utviding av eksisterande grusuttak [planID 34320162]

Forvaltningsutvalet i Lesja kommune har i sak 41/2021, den 14.09.2021, vedtatt å legge reguleringplanforslag for Enebo [planID 34320162] ut til offentleg ettersyn og høyring.

Behandling
Kommunedirektørens innstilling enstemmig vedtatt.

Vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10, jf. § 12-11 blir reguleringsplan for Enebo grustak lagt ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker.

Vilkår før planen kan vedtakast:

1.Krysset mellom E136 og Fv. 2668 skal utbetrast og ferdigstillast.


Plandokumenta finn du under "Fil" nedst på sida

Merknader til planforslaget kan sendast til postmottak@lesja.kommune.no eller Lesja kommune, postboks 53, 2671 Lesja.

Merknadsfrist er 29.oktober 2021.